Alt  du  treng  til  ein  aktiv  haustferie

Alt du treng til ein aktiv haustferie

Det er kjekt å komme seg ut: Reise, oppleve og bruke naturen. Ein stor og aktiv familie får kanskje ikkje plass i bagasjerommet til alt dei treng, men på Berge & Co finn du gode løysingar om du treng meir plass.
– Når ein først skal på tur er det jo kjekt å ha med seg litt fritidsutstyr. Til dømes syklar. Og som vi veit, er det ikkje lett å få syklar til ein heil familie inn i bagasjerommet, seier Ole Arild Bø, deleseljar på Berge & Co.
– På Berge & Co fører vi eit breitt utval av produkt som ”skreddarsyr” bilen din for ein aktiv ferie og løyser dei fraktbehova ein måtte ha. Til dømes lastestativ for kano, kajakk, sykkel og ski, og takboksar, som ein kan nytte til alt frå ski til baggar med klede og anna. Då får ein plass til alt ein treng og meire til, seier han.
– Vi har også ulike produkt som løyser ulike oppbevaringsbehov inne i bilen, frå oppbevaringsrom som kan festast i bilen, til posar for søppel eller lagring av ulike ting. Og så har vi trekk som vernar seteryggane mot skit og smuss frå sko. Det er kjekt å ha, spesielt i den årstida vi går inn i no.