Berge  &  Co  fiksar  bulken  –  på  alle  bilmerke

Berge & Co fiksar bulken – på alle bilmerke

Det er fort gjort å få ei karosseriskade, eller ei knust frontrute. Det første du bør gjere om uhellet skulle vere ute, er å ringe Berge & Co. Dei har komplett utrusta karosseri- og lakkverkstadar i Førde, Sogndal, Stryn og Ørsta – som tek i mot alle bilmerke.

– Det er ein god ide å ringe oss, smiler Vidar Orkelbog, leiar for skadeavdelinga i Førde. – I tillegg til at vi kan reparere karosseriskadar og byte vindauge, kan vi også til dømes hjelpe til med å fylle ut skademeldingar, seier han og held fram.
– Primært består kundegruppa av eigarar av bilmerka Audi, Volkswagen og Skoda. I tillegg er det vi som tek oss av karosseriskadar på bilar av merka Mercedes og Peugeot. Men vi reparerer karosseriskadar og skifter ruter på alle bilmerke, seier Vidar og fortel kvifor det er lurt å bruke eit sertifisert merkeverkstad når uhellet er ute.

– Ein moderne bil er dyrt utstyr, med mykje teknologi i. Då er det viktig at alt er på stell. Når du til dømes skal byte ei frontrute er er særs viktig å nytte originale ruter når ein byter dei. Det er mykje sensorar i moderne bilar, og mange av dei er avhengig av presisjon i ruta. Til dømes kamera og radar. Det er svært viktig at kalibreringa stemmer på utstyr som driv avstandsmåling. Det handlar om tryggleik. Nokre mm skeivt på ruta kan slå ille ut, seier han og trekk fram Smart-reparasjonar.

–Ved Smart-reparasjonar nyttar vi eigne teknikkar og utstyr som gjer det mogleg å reparerer lakkskadar, parkeringsbulkar og lykter rimelegare og meir effektivt enn på tradisjonelt vis. Vi utfører også flikklakkering av små skader, avsluttar han.