Berge  &  Co-turtips:  Kalvåg  –  ei  perle

Berge & Co-turtips: Kalvåg - ei perle

– Kvar kan vi reise for å ta ein fjelltur, og samstundes få ein betre middag og ta ei overnatting? spurde kartlesaren.

– I vårt område er det mange moglegheiter, men det første som slår meg er å ta ein tur til Kalvåg og Knutholmen, svara sjåføren.
Som sagt, så gjort. Ein telefon med stadfesting på at det var ledige rom, middagsservering og strålande vermeldingar, var det berre å sette seg i bilen og køyre vestover frå Førde.
Vegen gjekk langs riksveg 5 til Grov, og deretter til Svelgen, over eit fjell og gjennom eit par tunnelar, forbi Rugsund og brått ser ein rett på Hornelen, ei av verdas høgaste sjøklipper.
– Vel, eg tvilar på at det blir opp dit, seier sjåføren, og får aksept for at det finst andre og mindre utfordrande fjellturar for to middelaldrande og kondisjonslause menneske å ta fatt på denne dagen.
– Men… ein dag, kanskje…

Dagsturhytta på Veten
Bilturen i det vakre kystlandskapet går vidare forbi Skatestraumen og endar i første omgang på Grotlesanden. Der let vi (kaldt) hav vere hav, snørte på oss fjellskoa og tok fatt på turen til Veten og dagsturhytta. Den turen skulle vere alibiet vårt for fjellturen.
På vegen opp møtte vi mange menneske som var på veg ned, trass i at klokka ikkje var meir enn 11 på føremiddagen. Sola skein, stien var tørr, og sjølv for enkelte i to-mannsreisefølgjet kan styre si begeistring før høgder, baud ikkje klatreturen på store utfordringar. Når ein er komen forbi stigningane, openberr deg seg store sletter seg, noko som i alle fall forbausa oss som aldri hadde vore der før. Siste etappen fram til dagsturhytta var rein nyting å gå.

Dagsturhytta på Veten, 527 meter over havet, når du på ca to timar i moderat tempo frå Grotlesanden.

Nysteikte fiskekaker
Returen gjekk same vegen som vi kom, og då vi kom ned til bilen gjorde vi alvor av å stikke innom ein kjenning som hadde lova oss kalde forfriskingar. At denne personen er ordførar i ein stor kommune i Vestland, er vel meir å betrakte som rein tilfeldigheit.
Mindre tilfeldig er det ikkje at vi i tillegg til å få servert noko kaldt å drikke, også fekk servert nysteikte fiskekaker – produsert av ein annan i «bukollektivet» deira – og det var rett og slett himmelsk.
Men no kunne vi ikkje setje oss til der heile ettermiddagen, så vi sette oss i bilen, for høvet ein Skoda Superb iV ladbar hybrid, og køyrde ut til Knutholmen for å sjekke inn.

Knutholmen – rett og slett magisk
Som vanleg vart både sjåfør og kartlesar tekne godt imot av vertskapet, og vi vart tildelt ei flott husvære i det nye leilegheitskomplekset som ligg eit par minutts gange frå restauranten.
Ein god dusj og litt drikke seinare, tok vi plass på uteserveringa, og middag vart bestilt. Og la det vere sagt med ein gong: Er du glad i fisk, så ikkje kvi deg på å bestill «Dagens fangst». Denne dagen fekk vi servert torsk og potetpure, med fantastisk tilbehøyr. Knutholmen-kokkane veit korleis fisk og sjømat skal serverast.
– Men kva kan folk finne på her ute, dersom dei ikkje vil gå på fjellet, eller bade i relativt kaldt vatn? spurde kartlesaren, i det vi sat på verandaen med spesiallaga øl for Knutholmen.

Sjåføren såg litt rart på kartlesaren, før han starta oppramsinga:
– Kajakkpadling, havfiske, havrafting, båtsafari, spa (dersom helsemyndigheitene vil tillate det), sykkelturar, leige båt, konsertar… Ja, du treng ikkje kjede deg i det heile tatt. Men det er i grunn ganske all right å ikkje gjere noko som helst også. Berre slappe av, ete og nyte. Av og til må ein belønne seg med å ikkje gjere noko som helst.

Å vakne opp til måkeskrik og sjøluft, sol og blå himmel gjer noko med ein, og når ein i tillegg får servert ein god frukost, er det vanskeleg å ikkje vere nøgd med starten på dagen.

Vi fylte opp bagasjerommet i den romslege Superb’en og vinka farvel til Knutholmen, Kalvåg og Bremanger.

Bruer bind saman fleire av øyene i Kalvåg. Her er Oldersund bru, som går frå Sundsøya til Frøya. Brua vart opna i 1976, samstundes med Hamrøybrua, som bind saman øyene Frøya og Bremangerlandet. Oldersund bru er 336 meter lang og lengste spennet er på 120 meter.

Sjekk linken: https://www.knutholmen.no

Avstand til Knutholmen, Kalvåg (kortaste veg med bil):

Frå Florø: 114 km – 1 time 52 minutt
Frå Førde: 138 km – 2 timar 12 minutt
Frå Sogndal: 242 km – 3 timar 40 minutt
Frå Stryn: 131 km – 2 timar 33 minutt
Frå Ørsta: 133 km – 3 timar 4 minutt
Frå Måløy: 35 km – 1 time 12 minutt

Vil du vite meir om Skoda Superb iV ladbar hybrid kan du lese her: https://forde.skoda.no/kampanjer/superb-iv/