Berge  &  Co-turtips:  Opplev  Flåm

Berge & Co-turtips: Opplev Flåm

– Kva er noko av det mest eksotiske ein sunnfjording kan oppleve lokalt?
Med det spørsmålet gav svaret seg sjølv: Å ta toget! Før ein slo saman Hordaland og Sogn og Fjordane til Vestland, var 20 kilometer med Flåmsbana alt vi hadde å by på av togopplevingar. No kan vi brese oss med heile Bergensbana i tillegg.

Nær sagt vanen tru er det vårregnet som trommar på biltaket til avskil i det vi forlèt Førde.
– For tida er det berre to avgangar dagleg på Flåmsbana, opplyser kartlesaren, men når vi bikkar juni doblar dei i alle fall. Covid 19-viruset må ta skulda for reduserte avgangar.
– Normalt skulle ein no ha møtt ein bubil eller femti, mumlar sjåføren i det Sunnfjord kommune vart til Sogndal kommune.

Vel alltid omvegen, når du kan
I Lærdal deler vegen seg: Den eine fører ut langs fjorden, og til fjells. Den andre mot aust. Men den første var ikkje opna for sesongen på reisetidspunktet (det er den no).
– Eg skulle gjerne teke Nasjonal Turistveg Aurlandsfjellet, seier sjåføren i rundkøyringa i Lærdal. – Du snakkar om veg som skapt for å fin biltur. Det er slike vegar ein skal nytte seg av når ein er på tur. Du snirklar deg opp til 1306 moh og urørt natur, snø året rundt og så kjem du til utsiktspunktet Stegastein og får utsikta midt i glaninga, seier sjåføren.
Litt seinare registrerer han småsnurt at vanen tru, må bøane vatnast i Lærdal. Det gjer noko med ein førdianar. PS. I snitt er det 279 dagar med nedbør på eit år i Førde.

Lad batteriet – og kroppen
Muttleiken varer ikkje lenge, for snart ber det inn i mørket, der verken regn eller sol rår. Når du kjem ut av monumentet Kjell Opseth reiste over sunnfjordingen si stille slagkraft, og Aurland openberrar seg i all si prakt, kan det vere greitt å lade batteria. Og då har du to val: Du kan lade batteria på bilen om du køyrer elektrisk, for på Sogneporten er det ladehimmel, eller lade kroppen med mat på kaféen.
– Tesla-ladarar på eine sida, og Cirkle K sine Ionity-ladarar på andre sida. Og seks gonger så mange ladestasjonar for el-bil, som pumper for fossilt drivstoff, seier sjåføren nøgd.
– Lurer på om det er råd å lade mobilen her også, undrar kartlesaren.
Passat’en vi køyrer er ein Plug In hybrid, men vi let ladinga vere. På landevegn let vi hovudmotoren gjere jobben. Men hovudet treng lading etter 26 kilometer med mørke.
–To karbonadesmørbrød og to kaffi, takk.
Det er godt med plass å sitte, sjølv når ein berre kan ta annakvar stol i bruk.

Om det ikkje går eine vegen, ja så prøv den andre

Stegastein må opplevast. Her frå du ei fantastisk utsikt over Aurland og Sognefjorden.

Med kaffikveik i kroppen, vender vi tilbake til vegen mot målet. Via ein aldri så liten omveg, sjølvsagt. For Aurland har noko obligatorisk å by på.
– Det var stengt over fjellet, seier sjåføren håpefullt, men vi kjem oss opp til Stegastein! Passat’en tygg hårnålssvingar oppover.
– Var vegane så smale då vi var unge, undrar sjåføren, då vi endeleg treff ein bubilturist.
Utsikta er framifrå, anten du kjem over fjellet, eller rett opp frå fjorden.
Ei gåte: Kva har komme seg fram til Stegasteinen, har ti hovud og snakkar spansk?
Svar: Ei gruppe spanske turistar som har unngått koronatiltaka.
– Korleis har dei komme seg hit, undrar kartlesaren, etter nokre minutt med snakkesalige spanjolar som ikkje bryr seg om sosial avstand i sine forsøk på å ta gruppebilete med utsikt.

Den obligatoriske avstikkaren

Ikkje feil å ta ein svipp innom vikinglandsbyen i Gudvangen.

I Flåm ligg Future Of The Fjords einsam på fjorden.
– Det er to timar til avgang på Flåmsbana, så vi kan finne på eit kvart, slo kartlesaren fast, etter å ha dobbesjekka. Du vil helst ikkje bomme når du har køyrt i tre timar.
– Gudvangen ein tur? spør sjåføren, og ventar ikkje på svar.
Sidan Gudvangatunnelen er småvaksne 11 kilometer, siktar vi oss inn på ein kaffikvikkar der også. Åstaden for det gir seg sjølv. Delvis fordi det er ikkje er kvar dag ein ser eit skilt med Viking Valley, og dels fordi det nett no aular fem vikingar utanfor. Inkludert høvdingen sjølv, Georg Olafr Reydarsson Hansen.
– Kafeen er open, så kaffi skal det bli ei råd med. Vi har nydeleg colombiansk kaffi, henta på Voss, lovar han og fortel at Vikinglandsbyen opnar 15. juni.
Kaffi og vaflar går ned, prat surrar og tida spring. Brått nærmar det seg togtid. Men ein liten pause på utsida, for å stirre vantru opp dei blankskurte fjella. Ein blir blasert på natur på våre kantar. Men når du kjem inn til Flåm og Gudvangen, skjer det noko med fjella. Høgare, villare og fulle av små og store fossar i full smeltemodus. Same kor mange gonger ein har sett Nærøyfjorden og Gudvangen, er det spesielt. Fjella tårnar, dei nesten lener seg over deg: rå, brutale og vakre.
– Du leikar ikkje natur, når halvparten av alle fossane aldri når bakken, seier kartlesaren og peikar på ein foss som blir til yr før han rekk ned.

Det går (nesten) alltid eit tog

Stille på perrongen i Flåm denne dagen, men det vil venteleg ta seg kraftig opp utover sommaren.

I disse tider er det lurt å sjekke, for det går ikkje like mange tog for dagen i Flåm som normalt. På den andre sida så bognar det ikkje over med folk på billettkontoret. Berre ti personar har teke plass i det toget går, så ein slepp stå i kø eller vente på neste.
– Det blir ikkje heilt det same, utan ein skokk fotograferande asiatar, seier kartlesaren
Sjåføren nikkar, og blir sittande og sjå ut på naturen som sakte glir frå sommar til vinter, frå fjord til fjell. Tida flyg, medan toget ristar deg gjennom sesongar. Flåklypa-aktige bumiljø som klorar seg fast mellom stupbratte fjell og illsinte juv, fossar som forsvinn ut i vinden, og snø. På Kjosfossen er det innlagt stogg. Denne dagen ein huldrefri stogg, før ein tøffar vidare til Myrdal. 15 minutt seinare returnerer vi frå vinter på toppen mot tidleg sommar i Flåm.
– Vi skulle vel ha ete middag, ymtar sjåføren fram på om når enden er nær.
– Ja, det hadde gjort seg. Men det trur eg ikkje blir her, seier kartlesaren og ser seg rundt. Alt stengte klokka fire, og no er ho halv fem.
– Då blir det Sogneporten igjen, slo sjåføren fast, og slik vart det.

 

Enn så lenge er det god plass på parkeringsplassane i Flåm.

Når du no først er i Flåm så kan du jo….
Denne dagen var alternativet for opplevingar Flåmsbana. Og det er ikkje noko dårleg alternativ, anten ein vel å ta det som ei naturoppleving, eller lev seg inn i rallaren sitt endelause slit, (Nålitunnelen tok 11 år å bygge, tenk på det neste gang du sit på jobb og kjeder deg og tykkjer dagen manglar framdrift…), eller du berre vil ha ei to rolege timar i godt lag eller i togskinnedur.
Denne gongen vart det ein dagstur, men vi vender tilbake seinare i sommar. Då skal vi oppleve meir. Vårt råd: Kjøp kaffi og vaflar og middag. Kjøp lunsj. Opplev vikingar. Cruise rundt på fjorden, leig ein guide, test nervane med Zipline. Kjøp lokalmat og lokalt øl. Overnatt. Nyt livet. Det ligg eventyr på lur rundt kvar ein sving i Sogn, så det er berre å utforske.

Frå togvindauget kan du nyte synet av den mektige naturen frå Flåm til Myrdal stasjon har å by på, i tillegg til å la deg imponere over sjølve prosjektet Flåmsbana – som hadde byggestart for 100 år sidan.  

Her er tre opplevingar du kan vurdere om du tek turen til Flåm:

Fjordcruise med Vision – eller Future of the Fjords:
Nærøyfjorden står på UNESCOs verdsarvliste. Eit lydlaust fjordcruise gjennom denne smale og vakre fjorden gir deg minne for livet! Aldri før har du opplevd dei stupbratte Sognefjella og fjorden på slikt vis. Du kan også ta andre fjordcruise frå Flåm.

Meir oppteken av å få opp pulsen, men framleis oppleve fantastisk natur?
Kva med Fjordcruise i RIB-båt? 60 kilometer i timen, med innlagde stogg med dyktige guidar. Action, lærerikt og ei unik oppleving.

For puslete? La oss dra på litt…
Når du har kvilepulsa deg opp med Flåmsbana til Vatnahalsen stasjon, kan du oppleve litt adrenalin: Flåm Zipline, den lengste ziplinen i Norden på hele 1381 meter. Trur vi kan garantere auke i pulsen når du svingar utfor det 305 meter høge stupet ved Vatnahalsen…

https://www.visitflam.com/no
https://www.vikingvalley.no/vikinglandsbyen
https://www.nasjonaleturistveger.no/no/turistvegene/aurlandsfjellet

OSB: Hugs før avreise å sjekke opningstider. Det er trass alt litt som ikkje er heilt som i eit normalår.

FUN FACT: 20-20-20-20

Flåmsbana er:
• 20 km lang
• Har 20 tunnelar
• Tok 20 år å bygge
• Kosta ca. 20 millionar kroner (fullført i 1940)

Avstand til Flåm (kortaste veg):
Frå Florø: 233 km – 3 timar 50 minutt
Frå Førde: 177 km – 3 timar 2 minutt
Frå Sogndal: 72 km – 1 time 31 minutt
Frå Stryn: 210 km – 3 timar 36 minutt
Frå Ørsta: 277 km – 4 timar 35 minutt
Frå Måløy: 246 km – 4 timar 26 minutt

Vil du vite meir om Volkswagen Passat GTE kan du lese her: https://forde.volkswagen.no/kampanjer-ny-bil/passat-gte/