Berge  &  Co-turtips:    Opplev  Loen

Berge & Co-turtips: Opplev Loen

Det er lett å bli blind for nærområda sine, same kor spektakulære dei er. I denne utgåva av turtipset finn sjåføren og kartlesaren ut at dei har ein kvit flekk på kartet: fjellet Hoven i Loen, som også er den lettaste toppturen på våre kantar.

– Eg kunne tenkt meg på ein «liten» dagstur, men eg har lyst på ei stor oppleving. Noko som gjev inntrykk, og ikkje berre er sånn: «Oi, det var fint», og så gløymt, slo sjåføren fast under ei kort telefonisk rådslaging om kvar neste tur skulle gå.
– Ikkje verre, slo kartlesaren lakonisk fast, og tenkte så det knasa nokre sekund.
– Du som ofte er på farten, har du teke Loen Skylift?
– Nei, diverre. Eg har tenkt på det, men så langt har det blitt med tanken.
– Då gjev neste tur seg sjølv. Dette er på grensa til skandale, sa kartlesaren og kasta seg over internettet. – Dei er i drift, så det er berre å finne fram ein bil!

Alltid solskin på tur
– Det er snålt med det, men vi har vel reist eit par hundre turar saman i bil. Og likevel kan eg knapt hugse at vi nokon gong har vore velsigna med sol når vi forlèt Førde, seier sjåføren i det han legg heimbyen sin bak seg – lydlaust, i ein Audi e-tron.
– Statistisk sett er vel ikkje det så rart for førdianarar, sjølv om juni har vore uvanleg solrik så langt, svarar kartlesaren.
– Dei siste vekene er det no nett som gamle Mor Norge seier: Om ikkje de kan reise til Syden, så får Syden komme hit då. Bortsett frå at Norge er endelaust mykje finare om sommaren. Tenk å byte ut blå fjordar, grøne sletter og skogar, frisk fjelluft, og akkurat passe temperert badevatn, med å bli kokt levande?

Fri bane
– Normalt sett burde det vore meir liv og røre her, seier kartlesaren i det dei passer Skogstad-butikken, der det normalt aular av handlelystne frå både fjern og nær.
– Du kan so seie. Vi har berre møtte ein fire-fem bubilar sidan avreise, noko som er sterkt i mot normalen. Men når fellesferien byrjar, så tek det seg vel kraftig opp…
Den velkjente silhuetten til Hotel Alexandra dukkar opp på andre sida, utan tårnhøge skip som blokkerer utsyn.
– Normalt skulle no cruiseskipa ha stått i kø. I eit normalår er det over 100 cruiseskipanløp i Olden/Loen. Det er mykje folk som ikkje kjem i år. Men det gjev oss eit gyllent høve til å oppleve denne perla, i sommarvarmen, utan å stå i kø.

På veg opp møter du den andre gondolen på veg ned. Om ikkje, er noko veldig feil.

– Høgt heng dei, og jaggu luggar det litt i høgdeskrekken
– Kor mykje kostar billettane, spør kartlesaren som har vore oppteken på anna hald medan sjåføren handla.
– 1060 kr, totalt for begge, tur-retur, seier sjåføren og leiar an over hovudvegen og bort til gondolen.
Nokre minutt seinare er vi brått luftbåren.
– Billettane kostar litt, men alt no ville eg sagt at det var verdt det, slår hans fast i det vi passerer den andre gondolen, som er på veg ned.
– Utsikta er rå! Og du får god høgde- og fartskjensle av å ha fjellveggen så tett på, svarer kartlesaren, som stirrar opp mot toppen som kjem stadig nærare.
– Eg ville ikkje trudd det, men no pirkar det litt i høgdeskrekken, slår han fast i det gondolen bikkar over i vassrett, og glir inn mot bygget på toppen.
– Det er ei stor investering, men fy flate for ein attraksjon. Dei verkelege heltane er dei som kraup rundt på kanten her og monterte bana. Det hadde eg ikkje gjort, uansett sum, seier sjåføren og stirrar vantru på dei som spring utfor fjellsida til høgre for oss, iført paraglider.

På toppen av Hoven er det rikeleg med gangstiar og utsiktspunkt, og eit godt utgangspunkt for fotturar innover fjellet.

Godt utgangspunkt for turar, sommar som vinter
– Eg ville definitivt sagt prisen for billetten opp er verd det. Det er ein bra sum pengar, men herregud: Kor elles kan du ta «heis» 1000 meter rett opp, og få denne utsikta her. I alle fall for slike som meg, som ville brukt fleire dagar på å komme meg opp her til fots, seier kartlesaren entusiastisk, etter å ha nesten snubla i eit trappetrinn på veg mot utsiktsplatået. Heldigvis såpass langt unna glasrekkverket som skil platå og evigheit, at det ikkje forårsakar hjarteinfarkt av skrekk.
– Og det er ikkje berre i gondolen ein kan kjenne kroppen pirke i høgdeskrekken: det er rimeleg «slemt» å lage glasrekkverk som lener seg utover på ein slik stad, seier kartlesaren etter å ha henta seg inn.
Rusta med to stykk is, ruslar dei eit stykke lenger opp i fjellsida, til starten på turløypenettet.
– Det er litt av eit turterreng som opnar seg opp når ein kjem opp her, seier sjåføren og skutlar seg når han får auge på ein av dei nye attraksjonane her oppe: To stykk zipline, ei på 125 meter og ei på 95 meter, med ei relativt brutal utsikt å gli ned i. Han slit også med nedsett trivsel i høgder, og står neppe først i køa der.
– Du skal vere rimeleg tøff i skallen for å syns det er greitt å gli nedover mot ein avgrunn på 1000 meter, slo sjåføren fast, i det nok ein paraglidar er pakka ut og klar til å fly.
– Tippar grunnen til at startløypa er så bratt, er at etter to-tre steg er det for seint å skifte meining, slo kartlesaren fast.

Om du ikkje vil gå tur, så kan Hoven freiste med ein flott restaurant, eller du kan berre nyte utsikta, ein kopp kaffi og ein is.

Ingen nedtur
– Nedturen er sikkert meir magekriblande enn turen opp, ymta kartlesaren frampå, i det gondolen vart gjort klar for nedtur. Den glir sakte ut, meir vass- enn loddrett, før den kjem til punktet der kabelen brått peikar nedover: Det kjennest som om farten aukar markant, følgt av ei frekk pendellrørsle på gondolen. Dei åtte passasjerande kvepp unisont, og eit par sekund seinare kjem letta sukk når vi kollektivt forstår at alt er som det skal.
– Kor går eigentleg den Via Ferrata’en, spør brått ei vaksen dame gondolføraren.
– Der borte, svarar han og peiker på noko midt i svarte fjellet. – Den farga flekkane er folk på veg opp.
– SÅ BRATT? Dotter mi skal opp der i morgon, og ho har høgdeskrekk!
– Du får be ho feste blikket oppover, skyt kartlesaren hjelpsamt fast.
– Vi har ei flaske champagne som ho skal få etterpå, skyt mannen hennar inn.
– Den fortener ho, seier sjåføren og skuler opp på insekta som klorar seg fast i fjellsida.
– Eg hadde drukke flaska først, mumlar kartlesaren stilt for seg sjølv.
I det gondolen «legg til kai», er turen over. Eller, heimvegen står att, utan at vi seier meir om den her.
– Kva syns du, spør kartlesaren?
– Heilt klart ein stad eg skal vitje igjen, men då skal eg sette av tid til å gå litt turar der oppe også. Og kanskje nyte litt tid på spa- og badeavdelinga til Hotel Alexandria etterpå.

To eksemplar av ingeniørkunst: Gondolbana i bakgrunnen og ein Audi e-tron i framgrunnen.

Når du no først er i Loen så kan du jo….
Du treng ikkje kjede deg første veka i Loen. Loen Activ byr på mange ulike opplevingar: Både ved og på fjorden, og i fjellet. Smaken styrer, men vår oppmoding no er at ein både nyt dei tinga som er gratis, og at ein også legg att nokre kroner på si ferd.
Bruk naturen, opplev attraksjonane, kjøp is på butikken, handl mat på kafear og restaurantar, kjøp lokal mat og lokal drikke. Utforsk og nyt. Eventyra står i kø i Nordfjord i sommar. Frå ytst mot havet til ski på fjellet.
Her er fire opplevingar du kan vurdere om du tek turen til Loen:

Jasså, du er både beinhard og sprek?
Då er det ingenting som kan stogge deg får ein adrenalinfylt tur opp Via Ferrata.
Her kan ein velje mellom «normal» og «ekstrem». I fjor opna det nemleg ein ny løype, for dei som ikkje synest den første var luftig nok.

Meir oppteken av å få opp pulsen med fysisk aktivitet, i fantastisk natur?
Fjellområdet rundt Hoven tilbyr eit rikt utval av turar med ulik vanskegrad og lengde. Turane varierer frå enkle gruslagde stiar til stiar i meir kupert terreng. Du kan gå på eiga hand, eller bli med på guida turar. Vandring gjennom sommarhalvåret, eller på ski om vinteren. Rundt 70 km med stiar er kartlagt frå Hoven. Ja, og så har ein jo turen til Skålatårnet også, 1882 meter over havet.

For puslete? La oss dra på litt…
På toppen av Hoven 1000 meter over fjorden har Loen Active opna to splitter nye ziplines, der du kan fly over øvste delen på Tungejølet, med utsikt mot hengebrua i Via Ferrata Loen. Ziplinene ligg berre nokre minutts gange frå toppstasjonen til Loen Skylift, og er lokalisert ved stien frå Via Ferrata Loen.
https://www.loenskylift.no

Nei takk, eg vil heller kople skikkelig av
I Alexandra Bad & Spa kan du la kvardagen segle sin eigen sjø, og nyte den gode kjensla av velvære!
https://www.alexandra.no/no/bad-spa.aspx

Andre eventyr i same fjord:
https://www.nordfjord.no/
OSB: Hugs før avreise å sjekke opningstider. Alt er ikkje som i eit normalår.

FUN FACT Loen Skylift: Nesten som ein heis
* Går frå om lag frå sjønivå til fjellet Hoven 1011 moh.
* Vart opna av Dronning Sonja i 2017
* Er den første gondolbana bygd i Norge sidan Hangursbana på Voss i 1963.
* På det meste er stigninga 60°, som gjer dette til ei av dei brattaste gondolbanene i verda. I snitt er stigninga 45°.
* På det meste går gondolen 170 meter over bakken.

Avstand til Loen (kortaste veg):
Frå Florø: 157 km – 2 timar 42 minutt
Frå Førde: 110km – 1 time 52 minutt
Frå Sogndal: 128 km – 2 timar 5 minutt
Frå Stryn: 12 km – 14 minutt
Frå Ørsta: 79 km – 1 time 17 minutt
Frå Måløy: 111 km – 1 time 46 minutt

Freistar det med ein Audi e-tron?Då kan du berre klikke her