Berge  &  Co-turtipset:  Geiranger

Berge & Co-turtipset: Geiranger

Når ein reiser lokalt, er det i blant viktig å kikke litt nærare på gode naboar. Sjåføren og kartlesaren legg turen til Geiranger, på langtur med el-bil.

– I dag vil eg sjå folk som står på ski, og vitje av dei store reisemåla i nabofylket, slo sjåføren fast, og gjorde med det jobben til kartlesaren mykje enklare.
– Stryn Sommarski og Geiranger? spurte han og fikk eit nøgd nikk til svar.
– Og ein avstikkar, om det byr seg høve.

I desse tider er det ikkje lett å vite kva som finst av tilbod, men uansett kan ein tur innom Hjelle i Oppstryn vere kjekt. Pumpene er ikkje i drift, men vitnar om ei tid som – i følgje enkelte – snart er over.

Ingen tur utan ein avstikkar
Etter ei litt sein avreise, og ei solid transportetappe, dukka den første av målkommunane opp.
– Skal vi ta lunsj på Hotel Hjelle i Oppstryn? spør sjåføren, i det vi passerer Stryn sentrum.
– God plan. Ein tur er ikkje komplett utan ein avstikkar, og det blir for lettvint å ta lunsjen her. Dei har visst ein fin kafé på Gamlebutikken i Hjelle.
– Då blir det neste stogg!
– Eg gler meg til lunsj, slår kartlesaren fast, når temaet mat først var teke opp.
– Blitt ei stund sidan frukost ja, og eg åt nok litt lite, svarar sjåføren og konstaterer at klokka har passert normal lunsjtid med god margin.
– Det er no ikkje lange biten heller, trøystar kartlesaren.
Godt 20 minutt seinare kjem målet for avstikkaren: Den gamle hovudvegen, som no berre leiar trafikk inn og ut av Hjelle. Noko som er greitt, sidan den smyg seg mellom husveggane i sentrum der. Ingen stad for tungtrafikk og nybyrjarar i bubil.
Hjelle er ein stad der tida tilsynelatande har stogga. Du ville ikkje blitt forundra om du møtte ein britisk lord med monokkel, på spasertur for å stimulere fordøyinga før Afternoon tea.
– Her var det ikkje mykje parkering, slår sjåføren fast og ser på ein særs våt parkeringsplass.
– Bra høg vassføring ja. I følgje lokale medium er det 50 års flom, opplyser kartlesaren.
Men parkering vart det likevel. Litt vatn stoggar ikkje dette reisefølgjet.
– Diverre har vi ikkje open restaurant eller kafé i dag, seier hotelldirektør Lorenz.
– Men om de er på veg til Geiranger, så er det berre to mil til Stryn Sommarski. Der får de i alle fall hamburgar og pommes frites.
– Det er nett det eg skal ha no, slo sjåføren skråsikkert fast.

Vel alltid omvegen når du kan – men det er inga skam å grave seg ned i tide!
Rusta med reiselivsråd frå lokalekspertisen la vi i veg att.
– No kjenner eg verkeleg at eg er svolten. Det blir digg med matbit, slo sjåføren fast, utan å la svolten påverke gassfoten opp fjellet.
– Det er ikkje berre du som er svolten, slo kartlesaren fast og peika ut i grøfta.
– Der står det ein raudrev og kosar seg og tygg på eit kvart.
– Det er god reklame: e-tron er så lydlaus at du kan snike deg innpå ville dyr, meiner sjåføren.
– Men over til noko heilt anna: Kvifor står trafikken stille? påpeikar kartlesaren.
– Vegarbeid i tunnelane, seier sjåføren og peikar på eit skilt. – Men det seier ikkje kor lenge vi må vente.

Planar er til å for å endrast
Av omsyn til lesaren, spoler vi fram 40 minutt.
– Eg veit det ikkje er dette du vil høyre no, seier sjåføren i det trafikken byrjar å røre på seg. – Men det blir ikkje Stryn Sommarski i dag. Eg orkar ikkje ei runde til, om vi er uheldig med timinga på veg tilbake: Det blir lunsj i Geiranger!
– Då syns eg vi skal kalle det ved sitt rette namn: middag, seier kartlesaren og skular på klokka.
Etter langt om lenge, og gammaldags kolonnekøyring gjennom tunnelane, sprett vi ut i lyset rundt 900 meter over fjorden, og tek av mot Geiranger. Trass særs gode sommartemperaturar i det siste, er det brøytekantane som rår enno.
– Dei leikar ikkje fjell i Nordfjord og på Sunnmøte, gitt. På førre tur stod vi 1011 m.o.h. og såg ned på fjorden og Loen. No køyrer vi på 1080 og stirrar opp på fjella, seier kartlesaren.
– Det er lite trøst her for dei som plagast med høg vassføring, det er litt snø å smelte på enno, seier sjåføren, i det vegen til Dalsnibba lokkar med utsikt frå 1500 m.o.h.
– Tre turar har eg hatt opp på Dalsnibba. Men eg har enno til gode å skryte av utsikta. Eg har betalt for den, men kvar gong ligg tåka som ein kladd over toppen, seier kartlesaren.
– Du, den erfaringa har eg gjort meg også. Men i dag ser det klårt ut. Skal vi opp?
– For å vere ærleg: Nett no har eg i grunn mest av alt lyst på mat, seier kartlesaren.

Nedtur er pluss på tanken
– No må du følgje med her: Dette er ein el-bil, og vi har no rundt 125 km rekkevidde, men berre vent, gliser sjåføren.
Og ganske så riktig. Straummålaren byrjar å peike andre vegen. Noko sjølvsagt grunna endring i snittmålinga, men samtidig lader vi straum når vi køyrer nedover.
– Sånn. No har vi 190 km rekkevidde, smiler sjåføren nøgd, i det vi passerer Hotel Union.
– Eg har ein plan for dei kilometerane, men dei får vi ta etterpå. No skal eg ha mat!
– Eg lurer på om Kjell Aukrust hadde eit ord med i laget når Geiranger vart planlagt, seier kartlesaren, og let seg nok ein gong imponere over hus, hotell, campingplassar og anna som klorar seg fast langs dei stupbratte fjellsidene.
– Ein kunne sagt dei var opptekne av å ta vare på landbruksjord, men eg trur ikkje dette er definert som landbruksjord. Køyrer du ein stor traktor her, ender du i fjorden, seier sjåføren.

På Brasserie Posten i Geiranger får du hamburger i særklasse. Turistar var det lite å sjå. Trist, men fordelen er at du slepp å stå i kø, og maten kom raskt, noko to skrubbsvoltne elbil-turistar sette umåteleg stor pris på.

Posten leverer
– Dei er ikkje berre vi som køyrer elektrisk, seier sjåføren og peikar på dei små, grøne farkostane med fire hjul som står til lading overalt.
– Eg ser behovet, svarer kartlesaren og ser opp den bratte fjellsida.
– Om du skal ha tusenvis av amerikanske cruisepassasjerar eller busslast på busslass med pensjonistar frå Hotel Union der oppe og ned hit, og tur-retur til fots, så trur eg du må auke helsekapasiteten her ein smule.
– Dit går vi og et, seier brått sjåføren bestemt og peikar på eit skilt: Brasserie Posten.
Posten er oppteken av å levere, og det gjer også Brasserie Posten til gangs.
– Dette trur eg må vere den beste burgeren eg har smakt, seier kartlesaren etter å ha inhalert maten utan å seie eit ord på ti minutt, før han bestiller kaffi.
– Vi får slå av litt for ekstrem svolt, men god var den ja. Og så får eg no berre leve med at det ikkje vart pommes frites, men steikte småpoteter i staden.
– Det er nydeleg her. Og ein kan seie at det er kjekt å oppleve Geiranger utan kø og styr, men det er trist med så lite folk. Endå tristare når du høyrer nokon snakke dansk, og det språket brått er blitt eksotisk! Det summerer vel opp denne sommaren, seier kartlesaren.
– Sant nok, men no må vi vidare, seier sjåføren og set frå seg kaffikoppen.

Rart å oppleve Geirangerfjorden tom for cruiseskip i midten av juni. Og på det flotte utsiktspunktet i Ørnesvingen skulle det normalt sett ha myldra med folk. Denne dagen var det  nærast folketomt.

Ingen rekkeviddeangst
– Eg sa eg hadde ein plan med desse kilometerane vi har i rekkevidde. Det er kjekt med korte dagsturar for å oppleve, og heime i god tid til kvelds og legge seg i eiga seng. Men i blant må ein strekke litt på bilen også. Mange er litt skeptisk til å køyre på langtur med el-bil, så no skal vi sjå teste den opplevinga. Min spådom er at det går fint, sjølv i djupaste Sunnmøre. Vi køyrer Ørnevegen, over fjellet til Eidsdal, ferje til Linge og ut fjorden til Ålesund, over med ferja og lading på Berge & Co sitt anlegg i Ørsta. Så et vi middag medan vi ventar! Det er 142 km, seier sjåføren.
– Og du er sikker på at vi har rekkevidde til det etter å ha køyrt opp den veggen, spør kartlesaren og peiker opp mot Ørnesvingen.
– Heilt sikker. Bilen også, seier han og peikar på displayet, som lovar at vi skal ha nokre gode kilometer til overs når den tid kjem. På fem minutt dett rekkevidda med 30 km, utan at sjåføren bleiknar.
– Tipper vi har 155 igjen når vi parkerer på utsikten, slår han fast og bommar med 1 km.
– Og så skal vi nedover igjen, gliser han.
Fire bilar, og dobbelt så mange menneske nyt synet av utsikta innover mot Geiranger, og ut over fjorden denne dagen. I mange år har Geiranger lagt blant topp tre innan cruisetrafikk i Norge. Med 150-200 skipsanløp årleg, rundt 400.000 dagsbesøk i 2019, burde det aula svart av folk i gatene. Det skulle vore prata på nokre titals ulike tungemål, og vore køar overalt. No har dei rett nok lagt restriksjonar på mengda, for å ikkje bli kvelt, men likevel sa prognosen 386.000 dagsbesøkande i år, før pandemien slo til. Talet båtar i dag er 0, og talet vitjande kanskje nokre hundre.
– Det er eit unikt høve for oss som bur rundt her til å oppleve perlene våre, seier sjåføren, men det er nokre triste ting ved dette også. Det er mange som ikkje får sommarjobb i år, og mange bedrifter som får det tøft med å kompensere for inntektene som fell frå.

Folk må ha mat for å fungere. Audi e-tron må ha straum. Vi fôra den litt på kjøpesenteret Amfi Moa utanfor Ålesund.

Vi kan ikkje ta ladinga så lettvint
Turen vidare går på autopilot. Ein treng jo ikkje ein gang opne vindauga og snakke med ferjebilletørane lenger, alt går av seg sjølv.
– Eg sa jo at dette kom til å gå så fint som berre det, slår sjåføren fast i det vi nærmar oss Ålesund. – Vi har meir enn nok straum til å komme oss til Ørsta!
– Jau, men det er no litt «feigt». Du er kjent i området, og veit kva det går i. Ein ekte turist, ville jo måtte finne fram til lading i ukjent område og håpe at er ledig plass der, innvender kartlesaren.
– Det har du faktisk rett i, svarer sjåføren. – Og vi treng helst ein hurtigladar. 50 kW og opp, seier han og fiklar med navigasjonen.
– På Moa er det lading fire stader. Og to hurtigladestasjonar, seier han og plottar.
Ved første alternativ er hurtigladaren oppteken, og 22 kW tek for mykje tid for vår smak.
– Kan ikkje vere for enkelt heller, seier sjåføren, og siktar mot neste, der det blir full klaff.
– Så enkelt var det, seier sjåføren etter eitt minutt. – Vi gidd ikkje å «fylle» tanken opp, men vi kan ta oss ein spasertur, og kjøpe noko å drikke.
Eit kvarter seinare har sola fylt tanken vår med vitamin D, og straumen har fornya energinivået til e-tron’en.
– Vi har om lag nok til å komme oss heim til Førde, men vi ladar heller i Ørsta, medan vi et middag.
Og slik var det. Vi åt, og vende bilen heimover. Og 15 timar etter avreise, var turen over.

Når du har komme fram til Geiranger, så kan du jo…

1500 m.o.h. havet, utan å løyse ein kalori
Tenk deg å stå på ein fjelltopp, med frisk fjelluft og nyte utsikta over snødekte fjell, Unescos verdsarvsområde og Geirangerfjorden. Alt dette kan du oppleve på Dalsnibba. Og veit du kva? Du treng ikkje gå eit einaste steg.
https://www.dalsnibba.no

Nei takk, naturen er til for å brukast (og gjerne med litt gru på kjøpet)
Geiranger har ein ny naturpark, skjult i «sentrum». Her kan du oppleve klatring langs Geirangerelva i Via Ferrata, balansering på nepalbruer og flyging over juv og fossefall med zipliner. Alt saman i gangavstand til Hotel Union.
https://exploregeiranger.no

No trur eg at eg må hente meg inn litt du…
Kva med 1 eller 1 ½ timars fjordcruise med MS Geirangerfjord. Du kjem nært på fossane Dei Sju Søstre, Friaren og Brudesløret, fjellformasjonen Preikestolen og fjellgardane Knivsflå og Skageflå m.fl.
https://www.visitmr.com/stranda/fjordsightseeing-geiranger-med-bat

Framleis ikkje heilt avslappa igjen?
Då er det på tide med litt spa.
https://www.hotelunion.no/spa/

Frå Florø: 250 km – 4 timar 3 minutt
Frå Førde: 194 – 3 timar 15 minutt
Frå Sogndal: 212 km – 3 timar 25 minutt
Frå Stryn: 74 km – 1 time 23 minutt
Frå Ørsta: 141 km – 2 timar 22 minutt
Frå Måløy: 173 km – 2 timar 48 minutt