Den  som  køyrer:  Lærar  med  lidenskap

Den som køyrer: Lærar med lidenskap

Wenche Dyrrdal har funne sin lidenskap i læraryrket: å sjå elevane oppleve meistring på kjøkkenet.

– Om ein elev stangar hovudet i veggen i andre fag, så vil eg at han eller ho skal få oppleve meistring her hos meg på kjøkkenet. Alle kan få til noko på eit kjøkken!

Det seier Wenche Dyrdahl frå Ortnevik. Ho er utdanna kokk, men har dei fem siste åra jobba som faglærar i mat og helse ved Høyanger skule og Bjordal skule. Kvar dag pendlar ho til ein av skulane for å undervise ungdomsskuleelevar, og for ho er undervisinga så mykje meir enn berre eit yrke.

– Om du ikkje er sterk i teoretiske fag, kan ungdomsskulen vere tung og lite motiverande. Med få praktiske fag på timeplanen er det alltid elevar som står i fare for å føle seg mislukka. Då er det ekstra godt å komme på kjøkkenet og kjenne at ein får til noko, og å få gjere oppgåver ein meistrar. Her er læringskurva bratt for ein som lenge har streva i teoretiske fag.

Den viktige klappen på skuldra

Ho ser at det ofte er gutane som blomstrar når dei får hakke, skrelle, steike og kokkelere.

– Det er så utruleg godt å sjå! For mange er tida på kjøkkenet høgdepunktet i veka. Uansett korleis du gjer det i andre fag, kan du få til noko her. Eit klapp på skuldra for vel utført jobb kan bety mykje, ja, kanskje alt, i skulekvardagen, seier den engasjerte læraren.

Wenche har sjølv tre barn som no er i tjueåra. Ho likar spesielt godt å jobbe med ungdommar.

– Eg har alltid trivest rundt ungdommar, både heime og på skulen. Eg føler eg har noko å gi dei. Og dei gir meg noko. Når eg ser kva det betyr for ungdommane å komme inn på eit kjøkken, og å endeleg meistre noko, så veit eg at faget og jobben eg gjer er viktig. Den gleda og entusiasmen dei utstrålar på kjøkkenet er heilt unik.

Pendlarliv

Når ein er busett i den vesle bygda Ortnevik på sørsida av Sognefjorden, og jobbar som lærar ved to ulike skular, krev det sin logistikk. For Wenche er bilturane blitt del av den daglege tralten.

– Det går heilt greitt å pendle – det blir jo ei vanesak. Eg vil gå så langt som å seie at eg likar det. Kanskje fordi eg er så glad i å køyre bil? Dei dagane eg skal til Høyanger tek eg ferja frå Ortnevik til Nordeide halv sju, og når eg skal til Bjordal, køyrer eg omlag 30 minutt kvar veg. For meg er det viktig med ein god bil når eg skal køyre såpass mykje i kvardagen.

Kjærleik til køyretøyet

For vel eitt år sidan gikk ho difor til innkjøp av ein Audi A3 hybrid e-tron hos Berge & Co.

– Det var kjærleik ved første blikk. Den var så raud og fin der den sto i utstillingsvindauget på Berge. Det er ein snerten, tøff, liten sak – ein skikkeleg kjapping. Det er endå godt at den har cruisekontroll, ler ho, og legg til:

– Elevane diggar den og kommenterer ”kul bil”, når eg kjem med den på skulen.

Sørsida av Høyanger har smale vegar, og frå Ortnevik til Bjordal skule er det nesten 2.5 mil.

– Vi som køyrer her ofte er vande med smale vegar, men det skadar ikkje med ein snerten bil når ein skal manøvrere seg fram på desse vegane, smiler ho.

Lyser opp

Trass utfordrande pendlarveg, er ho glad i naturen dei er omringa av.

– Dei dagane vi kan ha utekjøkken er av dei beste. Kanskje reiser vi på fisketur for å skaffe råvarer til maten vi skal lage? Fleire av elevane lyser litt opp dei dagane vi er ute. Vi må aldri, aldri gløyme at barn og unge er ulike. Dei har forskjellige kvalitetar og behov, og det må skulen ta omsyn til. Ikkje alle trivest med ei bok i handa.