Gjer  bilen  vinterklar

Gjer bilen vinterklar

No ventar snart snø, sludd, salt og mykje anna som går laus på lakken til bilen. Hausten er tida for å sjå til at bilen er budd på vinteren. Alt du treng for å gje bilen din god pleie finn du på Berge & Co.

– Før vinteren kjem er det viktig at ein pleier bilen og gjer den klar for det som ventar av salt, piggdekkstøv og skit. God klargjering av bilen før vinteren omfattar ein grundig vask, lakkreins og polering med gode produkt. Då taklar både lakk og bil vinteren betre, seier Stian Sølvberg, servicemarknadssjef på Berge & Co,.
– Ei slik skikkeleg ”hovudreingjering” bør ein gje bilen eit par gonger i året. Ein gong no på hausten, for å gjere bilen klar til vinteren, og ein på våren for å fjerne ”vinteren” frå bilen. Då har bilen det bra, smiler Stian og forklarar kvifor dette er viktig.
– Lakken er bilen sitt vern mot elementa, og difor er dei viktig å vedlikehalde den. Om lakken tørkar ut blir det lettare for asfalt, piggdekkstøv og saltlake å feste seg. Får dette virke over tid, aukar sjansen for at rusten til slutt får tak. Hos Berge & Co fører vi gode produkt til både vasking, lakkreins og polering. Her får du alt du treng til reingjering og lakkvedlikehald.