Gode  dekk  er  viktig

Gode dekk er viktig

På Berge & Co får kvalitetsdekk året rundt.

Gode dekk er viktig året rundt. På Berge & Co får kvalitesdekk – og hjelp til å legge om.

– Det er viktig å vere riktig skodd i høve føret. På Berge & Co står vi alltid klar for å hjelpe deg med dine dekkbehov, seier Stian Sølvberg, servicemarknadssjef på Berge & Co.

Godt utval og gode prisar på dekk
– Vi er konkurransedyktige på pris på dekk, og har stort utval av ulike merker i alle prisklassar. Om ønskjer ein noko spesielt, skaffar vi det også. Kom gjerne innom og få pris på dekk til din bil, seier Stian, og fortel at kundane etterspør kvalitetsdekk.
– Kundane ønskjer dekk av god kvalitet, frå kjente merker. Ein ønskjer ikkje gå på akkord med kvalitet når ein skal sko bilen for ein lang vinter på krevjande vestlandsvegar, seier han.

Dekkhotell – enkelt og greitt
Ein veksande trend innan dekk er at mange kundar ønskjer dekka oppbevart på dekkhotell.
– Vi legg om mykje dekk for kundar som oppbevarer sjølv. Men dekkhotell har blitt veldig populært. Mange bur no kompakt og har ikkje god plass til oppbevaring. Dekk tek mykje plass, og mange kundar ønskjer å sleppe oppbevaring av desse. Fleire av anlegga til Berge & Co har dekkhotell, så det er berre å sjekke med ditt næraste anlegg. Dekkhotell er eit problemfritt konsept: Du treng ikkje tenke på noko, det er berre å komme med bilen så legg vi om, sjekkar tilstanden på dekka, vaskar dei og oppbevarer dei korrekt. Då slepp ein å herke med dette sjølv, avsluttar Sølvberg.