Informasjon  om  koronaviruset

Informasjon om koronaviruset

Vi må alle ta eit ansvar for å avgrense spreiing av koronaviruset, og du kan vere trygg på at vi i organisasjonen vår bidreg med all vår kraft.

Kjære kunde

Situasjonen med spreiinga av koronaviruset er alvorleg, og vi er klare for å ta del i den nasjonale dugnaden som må til for å løyse utfordringane vi står framfor. Vi er takknemlege for alle våre kundar og samarbeidspartnarar som gjer det same i denne krevjande tida.

Vi følgjer retningslinjer frå Folkehelseinstituttet og har iverksett følgjande tiltak i heile vår organisasjon:

  • Vi har desinfiserande middel tilgjengeleg i alle soner på våre anlegg, tilgjengeleg både for kundar og våre medarbeidarar.
  • Vi har iverksett auka reinhald på alle våre anlegg, og desinfiserande tiltak på særleg utsette soner (som toalett, dørhandtak, mm.)
  • Tilsette som kan vere utsett for smittefare, eller har symptom som kan tyde på smitte, møter ikkje på jobb.
  • Vi ber alle våre kundar om å ha låg terskel for å avlyse eller utsette besøk på våre anlegg ved dårleg form, eller mistanke om smittefare. Vi er sjølvsagt fleksible med endring av tidspunkt for serviceavtalar, utleveringar og anna.
  • Vi handhelsar ikkje, og unngår all kroppskontakt i våre anlegg.
  • Vi har ingen fellesmåltid eller kantinedrift i denne perioden, for å unngå den smitterisikoen dette kan innebere.
  • Vidare oppfordrar vi alle våre kundar til å sette seg godt inn i Folkehelseinsittuttet sine tilrådingar i møte med koronaviruset: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/rad-og-informajon-til-befolkningen-om-nytt-koronavirus-coronavirus-2019-nco/

Omsynet til folkehelsa, og helsesituasjonen til våre kundar og medarbeidarar, har naturlegvis den aller høgste prioritet. Vi følgjer situasjonen tett, og er klare for å implentere fleire og sterkare tiltak om det blir naudsynt.

Du kan vere trygg på at vi gjer alt vi kan for å ivareta alle våre kundar, og vi svarar gjerne på spørsmål du måtte ha om vår handtering av denne situasjonen.

NB! Dersom du skulle få problem med å levere bil, hente bil eller ha utfordringar å møte oss til avtalt tidspunkt, ta gjerne kontakt med oss, så skal vi hjelpe deg med å finne gode løysingar for alle partar. Du finn kontaktinfo på personar og til anlegga våre anlegg her.