Volkswagen Polo - 1.919,-* pr mnd v/leasing

 

Tenk litt mindre – og lev litt meir. Tenk på Volkswagen Polo som ein stor småbil til ein pris som gjev deg høve til å leve godt på andre plan. 

I ei verd der alt skal bli større, raskare og betre, kan det vere smart å tenke litt annleis. Av og til kan det finst grunnar til å velje noko som ikkje er så enormt stort, dyrt og superraskt. Vi skal på ingen måte snakke ned Volkswagen Polo, men vi skal vedgå at det finst bilar som er større, går fortare og gjev høgare status i einskilde lag.

Vi har velutstyrte Volkswagen Polo 95 TSI DSG Higline klare for omgåande levering. Om du i det heile tatt vurderer å kjøpe ny bil no, ikkje treng plass til eit volleyball-lag, ikkje vil bruke energi på å sjekke bensinprisane, og ha litt til overs som du kan bruke på den planlagde ferieturen, skal du komme innom Berge & Co og prøve ein Polo. Våre seljarar står klare til å vise deg bilen, og ikkje minst levere nøklane til deg så du får prøvekøyrt den. Du vil bli overraska over at bilen faktisk er ganske stor, sjølv om du kanskje hadde tenkt deg noko litt mindre. Ikkje uro deg: den har ryggekamera.

*) Ein skal alltid lese det som står med lita skrift, men vi vel å bruke same skriftstørrelse på all viktig informasjon: Vi har 1,99% kampanjerente**, og vil du lease ein Polo 95 TSI DSG Higline hos oss kostar det 1.919,- pr mnd (36 mnd/45.000 km) inkludert serviceavtale. Eingongsleige 56.250,-. Totalpris kr 130.634,-. Prisane er inkl. mva. Du kan tenke litt mindre på bilkostnadar – og meir på å leve livet.

Tilbodet gjeld t.o.m. 31. mai eller fram til bilane er selde

**) Eff. rente 4,06 % ved lånebehov kr 150.000,- o/5år, etableringsgebyr kr 2.724,-. Totalt kr 165.674,-. Føreset 35% kontantandel og finansiering i Volkswagen Financial Services. Renta er subsidiert i tre år, for deretter å bli justert til normal produktrente. Volkswagen Polo 95 TSI DSG Higline ferdig levert frå Berge & Co inkl. frakt og levering får du til 282.100,-. Årsavgift kjem i tillegg. Drivstofforbruk blanda køyring: 4,4-5,9 l/100km og CO2-utslepp: 101-134 g/km. Avbilda modell kan avvike. Vi tek atterhald om eventuelle feil, endringar og avvik. Polo’en blir levert med sommar- og vinterhjul som standard.

Her kan du sjå alle våre Volkswagen kampanjetilbod.