Historia vår

Over 60 år med køyreglede

Berge & Co vart etablert av Erling Berge i 1954. I 2014 feira vi 60-årsjubileum.
Følg reisa vår fram dit vi er komne idag!

Den spede starten

6. september signerer Erling Berge kontrakt med Møller AS om å bli forhandlar av Volkswagen i Sogn og Fjordane. 14 dagar seinare er Berge & Co AS stifta. Med på eigarsida hadde han bror sin, Knut Berge, og svogeren Arthur Øvrebø. Frå leige lokale hos Trygve Os i Hafstadvegen selde han tre bilar dette året.

1954

Nye lokale

Berge & Co flyttar inn i leigde lokale i Hafstadvegen, eit brakkebygg frå krigens dagar. På tomta i dag står Hafstadgården.

1955

Tidobla salet

Trass regelen om kjøpeløyve, har Berge & Co tidobla salet av bilar og kan kvittere ut 27 nye og 3 brukte bilar.

1956

Første byggjesteg, Bergegården

Berge & Co flyttar inn i første byggjesteg av det som seinare skal bli Bergegården. Her hadde dei både sals- og verkstadavdeling. Lokala skulle seinare huse det mykje omtale ”ølutsalet” i Førde, og er framleis i bruk.

1960

Bilsalet når nye høgder

Åtte år etter oppstarten passerer Berge & Co 1000 selde bilar, mykje takka vere hardt arbeid og opphevinga av kjøpeløyve to år tidlegare.

1962

10-års jubileum

Berge & Co feirar 10 år, og dagens disponent for verksemda, Øyvind, vert fødd.

1964

I løpet av året blir det selt 630 nye bilar

Det er i snitt to bilar kvar dag – heile året – om ein ser vekk frå søndagane. Grunnen var nok at det skulle innførast moms året etter.

1969

Bergegården står ferdig

Den gongen Førde sentrum sitt høgste hus med fire etasjar. Fleire leigetakarar fylte bygget, mellom dei Bergen Bank.

1970

Dette året skjer det mykje i Berge & Co

Bergehallen (der m.a. Politiet held til i dag) er klart til innflytting. Dette var eit reint salslokale på 1500 kvadratmeter i to etasjar, der det var nybilavdeling i første og bruktbilavdeling i andre etasje. Berge har også etablert seg i Sogndal, og også her står eit nytt anlegg ferdig. Ikkje nok med det, men Berge & Co får også agenturet for Audi i Sogn og Fjordane.

1972

Bobla blir avløyst

Bobla har vore Berge & Co sin viktigaste modell sidan oppstarten, men blir no avløyst av VW Golf. Verksemda fyller 20 år, og kan sjå tilbake på jamn og flott vekst.

1974

Ein ny milepåle for bilforhandlaren

Over 1000 bilar rullar ut frå Berge & Co sine to avdelingar. 477 nye og 531 bruktbilar er fasiten når alt er telt opp.

1977

Bergehuset på Kronborg har offisiell opning

5. juni har Berge & Co fått samla alt under eitt tak igjen. Publikum blir servert kaffi og kaker i fylkets flottaste anlegg for sal og service av bilar. I tillegg til Berge & Co, husar bygget også Biltreff AS, AS Erling Nesse og Førde Gymnas.

1982

Salet snur

Berge & Co fyller 30 år, og bilsalet er på nytt på veg oppover, etter nokre år med litt labert bilsal.

1984

Det blir selt 992 bilar dette året

men framleis står rekorden frå 1977.

1985

Tid for å sjå mot Nordfjord

Berge opnar salsavdeling på Nordfjordeid, og i Sogndal flyttar dei inn i nytt bilanlegg.

1988

Bil nr 20.000 sidan oppstarten rullar ut frå Berge

Kjøpar er Kåre Myklebust, som har vore fast kunde sidan 1961. Seljar er Jostein Njøsen.

1989

Sparebanken Sogn og Fjordane tildeler Berge & Co Førdeprisen

Ein pris som går til verksemder, organisasjonar eller enkeltpersonar som har fremja nærlingslivet i kommunen. Verksemda feirar også sitt 40-års jubileum.

1994

Berge & Co opnar i Florø

Berge & Co etablerer seg i Florø og flyttar inn i dei gamle lokala til Baker Nybø i Firdavegen.

1996

Bilsalet har svinga dei siste fem-seks åra

men likevel sel Berge & Co jamt over godt, og bil nr. 25.000 frå verksemda finn sin eigar.

1997

Berge & Co kjøper bilforretninga Karstad Stryn AS

Som ei følgje av oppkjøpet i Stryn vert anlegget på Nordfjordeid avvikla.

1998

Den nye avdelinga i Stryn opnar

Samstundes blir Berge & Co forhandlar for Skoda i Sogn og Fjordane.

1999

Leiarskifte

Øyvind Berge tek over stillinga som disponent for Berge & Co. Samstundes får ein nye sals- og verkstadlokale både i Måløy og Florø.

2000

Berge & Co fyller 50 år

og jublar over eit positivt resultat på 5,6 mill kroner.

2004

Det er gode tider

og dette året kan verksemda sluttføre rekneskapen med 281 mill. kroner i omsetnad.

2007

Størst på nyttekøyretøy

Berge & Co er – og har vore – desidert størst på nyttekøyretøy i fylket i fleire tiår. Importøren Møller as tildeler avdelinga i Sogndal utmerkinga ”Årets nyttekøyretøy-forhandlar”.

2010

Berge & Co fyller 60 år

og markerer dette med stor fest på Kviknes Hotel i Balestrand. Omsetnaden passerer 400 millionar kroner.

2014

Ein stor mann sovnar inn

Ei fullsett Førde kyrkje tek avskil med grunder og grunnleggar Erling Berge. Nesten heilt til det siste var Erling innom bilvarehuset på Kronborg for å slå av ein prat med kundar og tilsette. – Det er ein av dei heilt store som no er gått bort, uttalte Førde-ordførar Olve Grotle til Firda.

2015

Totalrenovering av nybilavdelingane

Etter ei omfattande utbygging og utviding av bygget i Førde, er eit stort arbeid med å skape eit komplett bilvarehus avslutta. Med dette er alle nybilavdelingane ved bilanlegga i Førde, Sogndal og Stryn totalrenoverte for å tilfredsstille dei ulike merkevarene sine nyaste standardar.

2016