No  opnar  vi  på  Møre

No opnar vi på Møre

Berge & Co har kjøpt tidlegare AS Autoservice (no Sandven Ørsta), og etter meir enn 60 års drift i Sogn og Fjordane, etablerer vi oss for første gang utanfor fylket.

– Oppkjøpet er ei strategisk satsing i ein bu- og arbeidsmarknad som vi har veldig tru på. Ny vegstruktur mellom Møre og Nordfjord gjer at det vil vekse fram eit sterkare og tettare næringsliv i dette området, og det er naturleg at våre avdelingar i Stryn, Måløy og Ørsta jobbar saman for å dekke det, seier Øyvind Berge.

– Med oppkjøpet av tidlegare AS Autoservice i Ørsta, med si erfaring med å selje våre merke, har vi forventningar om at vi skal bli ein dominerande aktør også i Søre Sunnmøre. Vi vil då dekke marknaden mellom Bergen og Ålesund.
Tidlegare AS Autoservice har vore Volkswagen- og Audi-forhandlar i over 50 år. For to og eit halvt år sidan selde dei deler av bedrifta og mista salsagenturet. Med oss inn på eigarsida får dei no dette agenturet tilbake. Forhandlaren vil også skifte namn til Berge & Co.

– Vi gleder oss til å bli ein del av Berge-konsernet, fordi det er ein solid og stor aktør med lik driftstype som den vi har, seier Kjell Snipsøyr, dagleg leiar i Sandven Ørsta. Vi har i mange år hatt eit godt samarbeid og det blir enklare å dra synergiar av kvarandre. Dette blir bra både for våre tilsette og for kundane våre i distriktet.

– Vi har ein sterk norskeigd importør i ryggen, og ein meir enn 60 år gammal aktør inn som eigar av selskapet. Dette er noko som alle dei 20 tilsette har tru på og ser fram til, seier Kjell Snipsøyr.

Berge & Co er den største bilforhandlaren i Sogn og Fjordane. Selskapet vart etablert i 1954 og driv med sal og service av bilmerka VW, Audi, Skoda og brukte bilar. I 2016 selde vi om lag 1.400 bilar og omsette for ca 500 millionar kroner. Verksemda har om lag 110 tilsette.