
Ny bil til NFF Sogn og Fjordane
– Vi valde Berge & Co som leverandør først og fremst fordi vi veit dei har solide produkt, men også at dei i tillegg er dei ein sponsor som er oppteken av å støtte breiddeidretten, seier dagleg leiar i kretsen, Svein Olav Myklebust.
Berge & Co er størst på nyttekøyretøy i Sogn og Fjordane, og har bilar til alle formål. – At NFF Sogn og Fjordane valde oss, er veldig kjekt, seier salsleiar Norodd Rørstabotnen. – Vi ser at krinsen jobbar godt med breiddeidretten, noko vi i Berge & Co er opptekne av når vi inngår sponsorkontrakter.
– Med den nye Volkswagen Caddy reknar vi med at fotballkrinsen kjem seg dit dei skal, uansett ver- og føreforhold, og vi ønskjer dei lukke til med den nye bilen og det viktige arbeidet dei gjer for både store og små, seier Rørstadbotnen.
– Bilen er for oss eit signal om at vi skal vere eit serviceorgan for fotballen i fylket. NFF Sogn og Fjordane har ei medlemsmasse med aktive og tillitsvalde på nær 13 000, og vårt mål er å serve desse på ein god måte. Då blir det mange timar i bil, og Caddyen blir ein super arbeidsplass for våre tilsette til og frå aktivitetar i fylket, seier DL Svein Olav Myklebust.