Oceaneering  valde  Berge  &  Co  –  igjen

Oceaneering valde Berge & Co – igjen

Før ferien leverte Berge & Co 16 nye Volkswagen Caddy til offshoreverksemda Oceaneering. No er tre nye på veg.

Oceaneering er eit verdsomspennande selskap, med hovudkontor i Houston, og avdelingar i 22 land. Berre i Norge står det meir enn 1000 tilsette på lønningslista.
Å beskrive alle områda Oceaneering eigentleg opererer innafor, er nærast umogleg i berre ein kort artikkel, men om ein studerer bileta skikkeleg av NASA sine rakettar, kan ein få auge på Oceaneering sin logo på den.
Globalt og her i Norge er verksemda primært retta mot olje- og gassnæringa. Mellom anna leverer Oceaneering sertifisering, inspeksjon og vedlikehald av løfteutstyr. Dei er med på alt frå planlegging av oljeriggar, til desse er komne i drift. Deretter kjem tilsyn og vedlikehald.
– Det er enormt viktig at alle installasjonar til ei kvar tid er «ship shape». Det gjeld både til lands, til vanns og i lufta, seier Carsten Andersen, plassjef og operasjonsleiar for Oceaneering Asset Integrity si avdeling på Sandsli i Bergen.
– Vi har også sertifisert NDT-personell som utfører inspeksjon, søk etter materialfeil, verifisering av funn og utarbeider rapportar om eventuelle tiltak dersom ein finn feil, avvik eller skadar.
– Vi skal enkelt og greitt løyse problem for kundane våre, både over- og under vassflata, mellom anna ved hjelp av ROV-fartøy, seier Andersen. Største oppdragsgjevar for Oceaneering i Norge er Equinor (tidlegare Statoil).
Oceaneering har vore kunde hos Berge & Co sidan 2012. Nærare 60 bilar har rulla inn portane til verksemda, levert av Sogn og Fjordane sin største nyttekøyretøy-leverandør.
Bilane blir brukt som servicebilar for mellom anna NDT og kran- og løfteinspektørar som har med seg utstyr for å utføre jobben sin på staden, i tillegg til flytting av personell. – Vi har eit stort område vi skal dekke, og då er gjerne bil det mest praktiske for oss å bruke, seier Andersen.
På spørsmål om kvifor dei har valt å handle bilar hos Berge & Co, svarar Andersen følgjande:
– Det var i grunn litt tilfeldig. Det starta med utskifting av eit par bilar ved avdelinga vår i Florø. Vi opplevde å få særs god service. Då vi skulle bytte ut fleire bilar andre stader i regionen, såg vi det som lite problematisk å handle desse hos Berge & Co i Førde.
Dei står fram som profesjonelle og løysingsorienterte, og er serviceinnstilt overfor oss. Vi fekk forhandla fram ein gunstig pris for oss, og er fornøgd med pakken vi får levert.
Vi ønskjer fleksibilitet, og det får vi gjennom avtalane våre med Berge & Co, avsluttar Andersen.