EU-kontroll

- når skal bilen på EU-kontroll?
Tidlegare fekk du påminning om EU-kontroll fra Statens vegvesen. Dette får du ikkje lenger. Er du registrert i vår kundebank vil du få innkalling frå den forhandlaren som har bilen din registrert i kundebanken.

Alle bilar eldre enn 4 år skal inn til kontroll kvart 2. år. Det året bilen er førstegangsregistrert bestemmer kva år du skal til kontroll.

Bilar registerte i årstall med partal skal kontrollerast i år med partal, eksempelvis førstegangsregistrert 2008, 2010 eller 2012 skal kontrollerast i 2016. Sluttsifferet i registreringsnummeret ditt bestemmer kva månad du må ha gjennomført EU-kontrollen.

Sluttsiffer 1 til 6 = januar til juni.
7 = november. 8 = august. 9 = september og 0 = oktober.
I juli og desember er det ikkje innkalling til kontroll. Du kan ta kontrollen inntil 4 månader før kontrollmånaden.

Sjekk kontrollfrist for din bil 
Bestill time til periodisk køyretøykontroll

Har du ein Volkswagen, Audi eller Skoda nyt du godt av mobilitetsgarantien om du gjennomfører service hjå våre verkstadar.