Mobilitetsgaranti

- du er trygg til neste service
Viss du følger serviceprogrammet for bilen din er du trygg 24 timar i døgnet fram til neste anbefalte service.

Når gjeld Mobilitetsgarantien?

Alle nye Volkswagen, Audi og Skoda vert levert med 24 timers Mobilitetsgaranti som gjeld fram til første service. Når første service blir gjennomført etter fabrikken sine fastsette normer på ein merkeverkstad, forlengast Mobilitetsgarantien til neste service. Slik held det fram heile levetida til bilen. Garantien føreset at service er utført på merkeverkstad. 24 timar Mobilitetsgaranti trer i kraft dersom tekniske problem gjev deg uforutsett stopp undervegs.

Kva dekker Mobilitetsgarantien?

Mobilitetsgarantien dekker gratis inntauing til næraste Volkswagenverkstad, eller reparasjon på staden dersom dette lar seg gjere. Tek det lenger enn 4 timar å reparere bilen, dekker vi gratis leigebil med fri køyrelengde i inntil 3 dagar (drivstoff dekkjer du sjølv, gjeld kun personbil). Er det meir hensiktsmessig å vente på bilen, dekker Mobilitetsgarantien overnatting på hotell for både førar og passasjerar i inntil 1 døgn.

Kostnadane for reparasjonen som er årsak til driftsstansen, dekkast ikkje. Her gjeld dei same betingelsane som for ein bil som kjem til verkstaden utan at det har vore ein uforutsett stopp. Er bilen innanfor garantitida, vurderer vi sjølvsagt om den oppståtte feilen dekkast av nybilgarantien.

Serviceheftet med stempel frå siste service gjeld som “sjekkhefte”. Serviceheftet er derfor eit verdipapir som bør ligge i bilen.

04444 – 24 timers nødtelefon

Dersom du skulle bli utsatt for eit uhell, vil du ved å ringe vårt 24-timers nødnummer 04444 kunne få hjelp døgnet rundt, enten bilen er skada eller har fått motorstopp. Ved motorstopp eller annan driftsstans, vil vi sørge for hjelp på staden, eventuelt inntauing til næraste merkeverkstad og rekvirering av leigebil, eller stad for overnatting til bilen er i orden. Ved ein skade vil vi ordne alt det praktiske. Kostnadane ved inntauing og eventuelt rekvirering av leigebil dekkast av bileigars forsikring eller av bileigar.
Med 24 timers Mobilitetsgaranti får du gunstige hjelpeordningar.

Utanfor Noreg ringer du +47 04444