Skal du gifte deg i juni?
Skal du gifte deg i juni?

Skal du gifte deg i juni?

Juni er ein månad mange vel for å la seg smi i hymnens lenker. I år har vi i Berge & Co lyst å gjere stas på eit heldig brurepar, busett i Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal.

Juni er ein månad mange vel for å la seg smi i hymnens lenker. I år har vi i Berge & Co lyst å gjere stas på eit heldig brurepar, busett i Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal.

Vi stiller med bil og sjåfør som er disponibel heile dagen. Sjåføren køyrer brureparet til kyrkja, til fotografen, til festen og heimatt når den store dagen er over.

Sjølvsagt ordnar vi med champagne til brureparet om ønskjeleg, og bilen vi stiller med er både stor og flott, og gullande rein.

Hadde ikkje det vore kjekt? Og ikkje minst behageleg? Bryllaupsdagen skal vere ein dag ein skal minnast, og med eigen privatsjåfør, tilgjengeleg når det måtte passe, vil det vere eit bidrag som kan gjere det endå meir minnerikt.

Å vere med i konkurransen er veldig enkelt: På vår facebook-side har vi lagt ut eit innlegg, og for å vere med i trekninga må du ta eit bilete av deg og din utkåra, poste det på innlegget og oppgje namn og bryllaupsdato.

Kanskje er det nettopp du og din kjære som får oppleve dette. Meld deg på, eller tips nokon du kjenner som skal gifte seg.

Vi trekkjer det heldige vinnarparet 2. mai.