Snart  tid  for  dekkskifte

Snart tid for dekkskifte

Vinterdekksesongen nærmar seg for alvor. På Berge & Co får du hjelp om du ikkje vil legge om sjølv.

Vinterdekksesongen nærmar seg for alvor. På Berge & Co får du hjelp om du ikkje vil legge om sjølv.

– 1. november kan ein legge om, men ein må uansett vere riktig skodd i høve føret. Om det kjem frost og snø må ein jo legge om før. Vi har gått over dekka på dekkhotella våre, så vi er godt i rute og klare for innrykket av kundar som vil legge om, seier Stian Sølvberg, servicemarknadssjef på Berge & Co.

Godt utval og gode prisar på dekk
– Vi er konkurransedyktige på pris på dekk, og har stort utval av ulike merker i alle prisklassar. Om ønskjer ein noko spesielt, skaffar vi det også. Kom gjerne innom og få pris på dekk til din bil, seier Stian, og fortel at kundane etterspør kvalitetsdekk.
– Kundane ønskjer dekk av god kvalitet, frå kjente merker. Ein ønskjer ikkje gå på akkord med kvalitet når ein skal sko bilen for ein lang vinter på krevjande vestlandsvegar, seier han og deler eit råd.
– Noko ein kanskje ikkje tenker på, er at hausten er ideell for å sjå over sommardekka. Hausten byr på krevjande føre, med våte vegar og lauv i vegbana. Gode dekk er viktig, også før vinterføret melder seg. Dette er ei god tid for å vurdere tilstanden på sommardekka. Ein kan også slå to fluger i ein smekk: Få lagt om til vinterdekk og skaffe seg nye sommardekk, slik at ein er klar når våren kjem, seier han.

Dekkhotell – enkelt og greitt
Ein veksande trend innan dekk er at mange kundar ønskjer dekka oppbevart på dekkhotell.
– Vi legg om mykje dekk for kundar som oppbevarer sjølv. Men dekkhotell har blitt veldig populært. Mange bur no kompakt og har ikkje god plass til oppbevaring. Dekk tek mykje plass, og mange kundar ønskjer å sleppe oppbevaring av desse. Fleire av anlegga til Berge & Co har dekkhotell, så det er berre å sjekke med ditt næraste anlegg. Dekkhotell er eit problemfritt konsept: Du treng ikkje tenke på noko, det er berre å komme med bilen så legg vi om, sjekkar tilstanden på dekka, vaskar dei og oppbevarer dei korrekt. Då slepp ein å herke med dette sjølv, avsluttar Sølvberg.