Sommar  kan  vere  så  mykje

Sommar kan vere så mykje

Friske jordbær, soft-is, godt i glaset og late dagar. Det er sommar. Men også ein bilferie på veg til nye destinasjonar er også sommar.

For å gjere turen med familien eller vener perfekt, er det aldri feil å ha ein ny og fin bil, med klimaanlegg, god plass, fin lyd frå høgalarane og god komfort.

Dersom du føler at noko av dette manglar, skal du vite at akkurat no har vi ein Škoda Karoq Style ståande i butikken vår  i Førde som du kan få med deg heim på dagen. Og prisen burde ikkje skremme nokon: kr 397.950,-. Då får du ein Business Grey Metallic-farga Karoq med 115 hestekrefters dieselmotor med DSG automatgir. Utstyrslista er lang, med mellom anna flotte 18” Mytikas aluminiumsfelgar, ryggekamera som gjer parkering lettare, navigasjon som hjelper deg å finne neste reisemål, hengarfeste og elektrisk bakluke. Ja, og så stor bagasjeplass og fleksible seteløysingar som gjer at du får plass til alt du treng på turen.

Vi kan ikkje spå sommarveret, men skulle det bli kaldt og surt, så er det ingen grunn til å ikkje dra på opplevingsturar likevel. Denne Karoq’en har både dieselvarmar og varme i baksetet.

Bilen har mykje meir utstyr enn det som er nemnt her, så vi vil gjerne at du kjem innom oss og prøvekøyrer den. Alltid kjekt å prøve noko nytt, utforske litt når det gjeld utstyr og køyreoppleving på ulikt vegunderlag.

Tryggleiksmessig er sjølvsagt Karoq heilt i toppen når det gjeld kollisjonstestar, så uttrykket «eit trygt kjøp» får dobbel tyding for deg.

Om du ikkje ønskjer å svi av nærare 400.000 på ein og same dag, kan vi tilby finansiering med ei rente på berre 1,99%* anten du vel lån eller privatleasing.

Kom gjerne innom oss for ein prøvetur – og la sommaren 2019 bli den du hugsar for dei fine turane og dei gode køyreopplevingane.

Snakk med ein av våre hyggelege Škoda-seljarar for meir informasjon.
Du treff Joakim på telefon 992 05 076 joakim.langeland@moller.no og
Ronald Muri på telefon 992 05 005 ronald.muri@moller.no

Her kan du lese mykje meir om våre aktuelle Škoda-tilbod som varer til og med 30. juni.


*) Tilboda gjeld til 30. juni 2019. *Eff. rente 4,06 % ved lånebehov kr 150.000 o/5år, etabl.gebyr kr 2.724. Totalt kr 165.674,-. Føreset 35% kontantandel og finansiering i ŠKODA Financial Services. Renta er subsidiert i tre år, for deretter å bli justert til normal produktrente