Steinar  vann  service  hos  Berge  &  Co

Steinar vann service hos Berge & Co

Laurdag 18. mars var det prøvekøyringsdag på Berge & Co sitt anlegg i Førde. Alle som kom og prøvde bil, vart med i trekninga av ein skiboks, eller service på bilen, verdi kr 6.000,-.
–Vi hadde mykje folk innom, og 19 av dei melde seg for prøvekøyring.  Det er veldig bra, det vart ein travel laurdag. Vi er godt nøgde, seier Norodd Rørstadbotnen, salsleiar Audi hos Berge & Co. 
Den heldige vinnaren vart Steinar Fonn.
– Eg fekk beskjed om at eg måtte skrive meg opp på lista. Eg plar ikkje vinne noko, så eg huskar eg sa at eg vinn no ikkje likevel. Men der tok eg visst feil, ler Steinar. – Vi har ikkje diskutert kva for ein av vinstane du vel enno, slår Norodd fast.
– Skiboks har eg ikkje bruk for, seier Steinar. – Så då blir det service på min Audi Q5, seier han.