Unge  talent  treng  støtte

Unge talent treng støtte

På veg mot toppen køyrer Robin Audi A3 sportback quattro frå Berge & Co.

Berge & Co har lang tradisjon med å sponse ulike lag, organisasjonar og einskildpersonar for at dei skal kunne få utøvd sin profesjon.

No har vi inngått bilavtale med eitt av Sogn og Fjordane sitt fremste friidrettshåp, sogningen Robin Wathne Nedrehagen. På vegen mot toppen er det greit å kunne køyre ein bil som er både trygg og driftssikker, sjølv om det er beina Robin må bruke mest for å bli best.

Robin er 19 år gammal og kjem frå Leikanger. Det er distansane 800 meter og 1500 meter han satsar mest på, og frå 2019 vil han springe for Gular IL, ein av dei beste klubbane i landet innan friidrett.

– Eg har store ambisjonar for karrieren min, og målet mitt er å kjempe om gull på 800 meter i junior-NM 2019, seier Robin, som kan skilte med mellom anna ein 7. plass i årets senior-NM innandørs på same distansen. Robin vann også Haugesund Sparebank Cup samanlagt.

Men Robin stilar høgt, og han jobbar strukturert og målbevisst for å bli betre på mellomdistanseløp, for ein dag å kunne hevde seg heilt i toppen, både nasjonalt og internasjonalt.

På vegen mot Robin sine mål, er han avhengig av sikkert transport. Der bidreg Berge & Co med ei gunstig leigeavtale på ein Audi A3 sportback quattro.

Vi ønskjer den sympatiske og hardtarbeidande sogningen lukke til med satsinga – og vi gler oss til å ein dag sjå han på pallen i ein stor, internasjonalt meisterskap.