Topp  moderne  verkstad  i  Florø

Topp moderne verkstad i Florø

Berge & Co si avdeling i Florø har flytta i nytt bygg på Evja. For å finne fram til oss, køyrer du strake vegen til endes mellom Proffpartner og Kiwi-butikken. På veggen heng det eit flott Volkswagen-skilt i lag med eit KvikkService-skilt. Der står vi klare til å ta deg godt imot.
 
Vi har fått oppgradert verkstadavdelinga vår med topp moderne utstyr, og våre dyktige medarbeidarar ordnar bilen din – uansett kva merke du har.
 
Avdelinga vår er KvikkService-sertifisert, noko som er perfekt for deg som til dømes vil ha utført service, skifte av bremser og hjuloppheng, treng EU-kontroll eller nye dekk.

Vi har også dekkhotell for deg som ønskjer å sleppe den tunge jobben med hjulskift, og ikkje minst sleppe å bry seg med oppbevaring av dekka. Det tek vi oss av.
 
KvikkService er enkelt, trygt og rimeleg.
 
Kvar tysdag (med einskilde unntak) har avdelinga vår besøk av seljarar frå avdelinga vår i Førde. Dei vekslar mellom å ha med seg Volkswagen- (både personbilar og nyttekøyretøy), Audi- og Skoda-modellar. Ta gjerne turen innom og slå av ein prat med desse om du har lyst å bli kjent med kva Berge & Co kan tilby av nye modellar.
 
Vi oppfordrar også alle å registrere seg på «Mitt bilhold». Der får du oversikt over ditt bilhald, og du kan enkelt bestille verkstadtime, EU-kontroll m.m. og du blir varsla nå det nærmar seg tid. Registrer deg her.
 
Velkommen til vår nye verkstadavdeling i Florø, og ring oss på 57 74 22 40 når du vil bestille time.