Ut  på  tur  –  igjen

Ut på tur – igjen

Ein gong i tida var det to menn som jobba i Fylkesmagasinet, som begge likte å reise på tur. Det gjorde dei til gangs. Så endra mediebransjen seg, og det vart slutt på turane. Eller?

 

Tekst: Roy Sunde

Konseptet «Ut på tur» låg steindaudt. Tore Fossen hadde til og med hoppa over bekken etter ny jobb. Åra gjekk, så ringte telefonen brått.
– Hei Roy. Har du det travelt?
– Nja, sånn passe.
– Eg trur vi er nøydde ut på tur igjen!
– Men har du tid til å vere vekke frå jobben din ein heil dag då, Tore?
– Dette er jobben min! Skal eg marknadsføre bilane til Berge & Co, så må eg jo bli godt kjent med dei!

Kvifor ture på og reise?

Å reise handlar om suget etter nye horisontar. Måltid i gode selskap, å oppleve nye ting og møte andre fjes. Det er alltid noko anna å sjå der ute. Det finst mange gode grunnar til å reise, og få grunnar til å la vere. Å reise er noko av det djupast menneskelege ein kan tenke seg.
Ein gong for dritlenge sidan, stod ein kar og stirra ut over savannane. Kva han heiter, denne forfaderen vår, det veit eg ikkje. Lat oss kalla han UtpåTur. Han eksisterte jo ikkje, men det er mindre viktig. Han representerer oss alle, for så lenge vi menneske har vore i stand til å reflektere, har vi lurt på kva som ventar over horisonten. Bak det fjellet, rundt neste sving.
Å reise for å la seg underhalde er eit relativt nytt fenomen. For UtpåTur handla reisa truleg om matauk, overleving eller kanskje finne seg ein partnar. Men desse forfedrene utvikla noko vi i dag kan kalle utvandringstrong.

Bilen – din aller beste reiseven!

Nokre hundre tusen år seinare revolusjonerte Henry Ford konseptet å reise på tur med bilen. Bil og reising er så nær knytt saman at Bruce Springsteen bygde seg ein karriere på å synge om det. Fly er for deg som har det travelt. Bil for deg som vil oppleve. Ferdig snakka. (Båt er for deg som har veeeeeeldig god tid)
Etterkvart perfeksjonerte Audi konseptet bil. Den siste setninga har ingen samanheng med Fossen står og ventar på meg i ein Audi A6 Avant med V6-motor, 286 hk og stappa full av nyaste teknologi og eletroniske hjelpemidlar.
Eg er enkel når det kjem til bil: Fungerer den? Kan eg spele musikk høgt? Svaret er soleklart ja på begge.
Dette er ein bil av den sorten du skal vere rimeleg vrang for å finne noko å plukke på. Audi sitt slagord er jo forsprang gjennom teknologi. Og i dagens vogn har dei stappa inn all teknologien dei fann og litt til. Lyden kjem frå Bang & Olufsen. Berre for å nemne noko.
– Det meste på lista over ekstrautstyr er på plass, seier Fossen og gliser nøgd. Han er nemleg blant dei som både syns det er kjekt å ha ekstrautstyr, og ikkje minst å nytte det.

Først tek vi…? Skifjorden vel!

Men no snakkar vi oss eit stykke unna produkttesting av bilar.
– Kvar skal vi, spør eg Fossen etter at vi har entra farkosten.
– Det er lurt å ta fleire flogar per smekk. Og kombinere lykke og nytte. Eg vil til Skifjorden!
– Jaha?
– Du finn jo knapt betre vegar å teste ein bil på. Her får du litt av kvart, og mykje av alt. Bilen får køyrt seg! Og så har dei bryggjeri i Skifjorden! Då kan eg sikre meg juleøl også.
Å samarbeide med folk med både praktisk sans og visjonar gjer kvardagen litt lettare.

Sola skin alltid på tur (og i blant er ei par sekund nok)

– Sidan dette for min del er produkttesting får vi byrje med å teste navigasjonen, seier Tore og plottar Skifjorden på skjermen. Artig nok let den deg skrive med fingeren. Ein teknologi som fungerer cirka 400 gangar betre på Audi’en sin velvaksne skjerm, enn når Postnord skal ha deg til å signere for pakkar på ein bitte liten skjerm. Det er råd å skrive pent. Som ein bonus les ei damestemme opp etter kvart, med dramatisk aksent og innleving.
Teknologi er bra, men den treng selskap av litt kritisk sans. I blant foreslår teknologi dårlege løysingar, utan å meine det vondt. Google Translate finn gjerne på mykje på eiga hand om du slepp ballen. Eller når navigasjonen berre antek at du har lyst til Skifjorden i Stamstund. Knappe 1538,1 km mot nord. Hadde vi vore to tyske fisketuristar kunne dette blitt ei episk reise, men to rutinerte ferdarar hentar seg raskt inn og får lagt inn rett data.
Ei Ut på tur-greie var at vi alltid fekk nokre glimt av sol undervegs. Same kor grå dagen var. Denne dagen er så grå som berre denne årstida kan bli. Og likevel er det eit glimt av blå himmel. Rett nok berre to sekund ved Bekkjavatnet. Eg nemner det, men Tore nektar å tru meg.
Turen går, utan store hendingar. Anna enn at eg prøver å overstyre navigasjonen når vi kjem til Hellevika, fordi eg ikkje er einig med vala som blir foreslått. Eg meiner rett fram, navien meiner vi skal til venstre. Tore vel å eliminerer oss berre, og ringe ein ven. Som meiner at begge vegar vil føre oss til målet, men at den vi no er inne på er kortast.
– Alle veger fører jo til Skifjorden, seier Tore. Så sa vi ikkje meir, før vi brått var framme.

 

Tore Fossen, årets juleøl frå Skifjorden og bryggeriet, representert ved Håvard Bjørnestad.

 

Kreativ galskap i Skifjorden

Kva gjer du når du har ein familiegard i Skifjorden, bakgrunn frå reklamebransjen og mange kreative, gode vener? Då startar du sjølvsagt eit bryggjeri?
– Rolf Risnes er veldig mykje gründer, han hadde ein gard, og skaparlyst. Vi ville finne på noko spennande, byrja å prate og var innom mykje rart. Kriteriet var at det måtte vere kjekt, så vi enda med øl. Å bryggje øl er lidenskap og moro, seier Håvard Bjørnestad, og inviterer oss inn. Han vaks opp her, og er ein av seks eigarar.
Etter halvtanna år er dei vel etablert, og jobbar mot målet om å skape arbeidsplassar lokalt.
– Frå vi bestemte oss og fram til no har marknaden endra seg veldig. Før var det få lokale bryggjeri, så vart det brått mange. Men Skifjorden Bryggeri er ingen døgnfloge, vi er her for å bli. Og det har gått rette vegen heile tida, seier Håvard.
– Det handlar om lidenskap. Det er lagt ned utruleg mange timar utan løn. Vi byrja med ein gamal fjøs, der vi reiv alt, støypte nytt dekke, og kjøpe bryggjeritankar som var designa av ein israelar og sveisa i Kina. Målet er å skape arbeidsplassar lokalt. Og det er realistisk, men kor lang tid det tek veit vi ikkje, seier han og held fram.
– Vi driv dette på uløna basis. Her må ein vere både bryggjar, rørleggar og elektrikar. Det gir glede og inspirasjon å halde på med dette. Vi har ein bryggjar som brukar mykje tid på å utvikle nye sortar, og ein særs flink seljar frå Møre, som til dagen styrer med kaffimaskiner. Rolf har bakgrunn frå reklamebransjen, og to av eigarane er designarar i eit selskap han dreiv. Dei tek seg av det visuelle og grafiske, seier han.
Om du har vore borti øla frå Skifjorden, hugsar du dei truleg. Etikettane er særs forseggjort, og fordi namna spelar på lokal-dialekta på glitrande vis, til dømes Tyl, Sytalaus og Slaur. Dei fargerike, nostalgiske etikettane bringer tankane tilbake til 60-talet, på den gode måten.
– Motorsykkelen på etiketten til Tyl dreiv eg og Rolf å herja med på bøen. Båten på Opplett vart laga her nede, på Bjørnstad kai. Flyet på Ferd tilhøyrar Tor Henning Eikefjord i Førde. Vi er opptekne av namn som er spesielle for distriktet og som utmerkar seg, seier han og fortel at dei har gått for eit skalerbart bryggeri, som kan vekse i takt med etterspurnaden.
– Per no har vi gjæringstankar på 7000 liter, og vi rekk å bryggje to vender i månaden på dei, så kapasiteten per no er 14.000 liter øl i månaden. Det kan vi skalere opp ganske kraftig etter kvart som etterspurnaden veks. Utanom gjæringstankane er vi skalert for 4000 liter per dag.
– Men du? Eg reknar med de har laga juleøl i år, spør Tore.
– Vi har faktisk laga to: Eit for butikk og eit for polet. Heimlengt, og Heim til jul, svarar Håvard.
– Fantastisk! Tek de Vipps?

 

Årets juleøl: Heim til jul – til sals i ein butikk nær deg…

Ein treng ikkje ete fysst, men ete lyt ein

Verda er ein stor plass. Du treng aldri krysse dine eigne spor, om du ikkje vil. Ein treng i alle fall ikkje trakke heim i same far som ein vende ut i.
– Ein ting er god drikke, men ein må jo ete litt og. Skal vi køyre Lavik heim, så kan vi ete middag på Lavik Fjord Hotel, spør Tore. Eg berre nikkar.
Ei god reise flyt som ei lat elv forbi, i passe tempo. Sola glimtar pokker meg til endå ein gong, om enn berre i nokre få sekund. Denne gongen ser føraren den også. To knepp og fire blunk etter at avreisa starta, er vi framme på nest siste etappe: Lavik Fjord Hotel, der det hyggelege vertsskapet som vanleg tek oss vel i mot og viser vegen inn i matsalen.
– Vi har ala carte og dagens rett, som i dag er svinebiff, seier Trijnie Cupido, som driv hotellet saman med Laurens Brock.
Ho etterlet oss til valets kval. Nokre minutt seinare har vi landa på spareribs og svinebiff.
Medan vi ventar på maten nyttar eg høvet til å kople ut nokre minutt. Det er zen-aktig å sitte og sjå på ei ferjekai, og desse eldsinte små kvefsane som med jamne mellomrom blir spytta i land og brenn mot målet sitt. Ein har sjølv vore der. Det er rart med det, ingen har god tid ut av ei ferje. Når du sit og ser på dei, så verkar det smått underleg. Men det er vel reisa i eit nøtteskal: Eit høve til å sjå noko frå ein anna vinkel. Om det så berre er sidelengs på ei kjent og kjær ferjekai.

 

Ærverdig hotell – og standsmessig køyretøy: Nye Audi A6 Avant – byr på alt du treng for gode køyreopplevingar.

Noko å drøyme om – til neste gong

Alle reiser tek slutt. Fossen glir vogna gjennom fredagsrushet i Førde, og fram til avreisepunktet, der eg skal av.
– Er du nøgd med bilen Roy?
– No har eg jo vanen tru ikkje ratta greiene, men frå høgre side har turen vore upåklageleg. Eg har ikkje noko å utsette på verken førar eller bil. For meg er prisen ein viktig faktor for å bestemme om eg skal handle eller ikkje. Så då må eg jo berre spørje: Kva kostar bilen?
– Eg er ikkje sikker på om du eigentleg vil vite det!
– Snakkast når og dersom Lottoen går inn?
– Avtale!

Nysgjerrig på den nye Audi A6 Avant? Her kan du lese alt om den.

To timar seinare, og følgjande telefonsamtale finn stad:
– Korleis smakte ølet, Fossen?
– Du veit at når du har vore på tur, er det alltid godt å få vaska av seg vegstøvet og få sløkt tørsten. No er eg nyvaska, godt plassert i sofaen, og eg konstaterer at ølet «Heimlengt», eit lagerøl med 4,7`% alkoholstyrke, smakte fortreffeleg. Måteholdsmann som eg er, så gler eg meg til å fylle glaset på nytt den 24. desember, og nyte det i lag med pinnekjøt, heimelaga julepølse og det som elles høyrer julemiddagen til.
Ha ein fin kveld, og takk for turen.

 

Anekdote: Har du sett min nye Horch A6 Avant Allroad?

14. november 1899 grunna August Horch selskapet A. Horch & Cie, som byrja å selje bilar under namnet Horch. Litt seinare rauk denne Horch uklar med dei andre eigarane, og forlet selskapet.
Han starta då eit nytt selskap: Horch AutomobilWerke GmbH. Det likte hans tidlegare partnarar dårleg, og la ned forbod. Han måtte byte namn.
Han kalla inn til eit møte i sitt nye selskap, heime hos seg sjølv. Medan møtet føregikk, sat poden hans og gjorde lekser i latin. Til slutt braut sonen inn i prosessen:
– Ville det ikkje vere ein god ide å kalle selskapet Audi? Horch betyr «lytt» på tysk, som på latin er audi. Den ideen gikk rett heim. Det nye selskapet vart heitande Audi Automobilwerke GmbH, og dei byrja å lage bilar. Resten er, som dei seier, historie.

Og så kan du jo vurderer om Audi hadde slått like godt til under namnet Horch?

Kjelde: Wikipedia

No har vi 1,99% rente på våre lagerbilar

Vi har ein Audi A3 e-tron, ein Audi A4 allroad og ein Audi Q5 klare for omgåande levering. No har vi også kampanjerente til 1,99% og du får med vinterhjul og gratis service i 3 år/45.000 km. Les meir her.