Den  som  køyrer:  Slik  fortel  vi  historia  til  kundane  våre

Den som køyrer: Slik fortel vi historia til kundane våre

Det er vel så interessant å fortelje om kundane våre, som det er å fortelje om bilane vi skal selje. Når vi formidlar historia til dei som kjøper bil av oss, fortel vi samtidig kvifor dei har valt ein av modellane til Berge & Co: Kvifor akkurat den bilen passar deira livsstil, og korleis våre bilar kan vere med på å gjere livet litt enklare. Fordi bilen ofte er svaret på ulike problem i kvardagen.

Else vil gjere kundane litt lukkelegare

Først ute i serien ”Den som køyrer”, er Else Slettehaug; friluftsentusiast, kokk og dagleg leiar ved Håjen kafé. I filmen fortel ho korleis ho kombinerer jobb og fritid, og vi ser korleis varebilen hennar frå Volkswagen er med på å få dagen til å gå opp.

– Eg har vore opptatt av matlaging så lenge eg kan hugse. Ikkje berre av matlaginga, men det som følgjer med eit måltid. Som stemninga rundt bordet, fellesskapet og gleda over eit godt måltid. Mitt første matminne er laurdagskos med familien: Storfamilien rundt middagsbordet med to flasker brus på deling. Heile familien åt pasta utanom pappa, hugsar eg, for han føretrekte potet, smiler Else.

– Eg trur at eit måltid laga med gode råvarer og gode smakar, kan gjere deg lukkelegare. Dei beste minna involverer ofte mat.

Midt i matfatet

Og det er det ho ønsker å tilby kundane; ei matoppleving som kan gjere deg litt lukkelegare. Else fortel om både fordelar og ulemper ved å vere kokk i vesle Naustdal:

– Det kan til tider vere litt einsamt. Miljøet er lite og forholda små. Samtidig bur ein midt i matfatet og har uendeleg med moglegheiter. Når eg fortel gjestane at hjorten kjem herifrå, at urtene er dyrka i hagen og blåbæra plukka av kokken sjølv, så tilfører det matopplevinga noko. Eg merkar at gjestane likar å vite kor maten kjem frå. Gode tilbakemeldingar er viktig, og når eg ser at gjestane nyt maten, så tenker eg at det eg driv med betyr noko.

2-00_00_35_06-still005

Avhengig av bil

Kokken er avhengig av ein praktisk varebil for å få arbeidsdagen til å gå opp.

– Det blir ein del bilkøyring. Eg hentar og leverer varer, køyrer ut mat og reiser på marknad. Nokre gonger brukar eg bilen til å frakte det som eg har sanka i naturen, eller for å komme meg til eit turmål.

For Else har ikkje fritid og jobb eit klårt skilje. Jobben er blitt ein livsstil, og når det dukkar opp ei luke i arbeidsdagen, er ho rask med å komme seg ut i naturen.

– Matlaginga er min lidenskap, men det følgjer med hard jobbing og mykje stress å starte for seg sjølv. Det er i naturen eg finn roen. For meg har den vore eit viktig pusterom. Der er det berre lyden av elva og fuglane, og det einaste eg tenker på er kor flott det er rundt meg. Då er det veldig greitt å ha moglegheita til å hive kajakken på taket, eller skia bak i bilen, og komme seg raskt avgarde.

Kontrastar

Dei etterlengta pusteromma i naturen kan også inspirere til nye rettar på menyen.

– Ofte kjem eg tilbake med ny inspirasjon. Ein ny smakskombinasjon eller eit nytt konsept – og nokre gonger med sekken full av råvarer. Naturen gir i ulike former, kan du seie.

Og kontrasten mellom eit hektisk kjøkken og utsikta frå ein fjelltopp, eller roa ho finn på fjorden, er stor. Else har funne sin balanse mellom jobb og fritid.

– Når eg først kjem meg ut, ja då er alt berre veldig vakkert.